Linda Lien: Identitetsdesign for geografisk avgrensa område
Stipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen, Avd. for design
Dei siste åra har det vorte stadig meir vanleg at byar, regionar og nasjonar får utarbeida profesjonelle visuelle identitetar for å tiltrekkja seg investorar, innbyggjarar og turistar. Begrepet «visuell identitet» dukka først opp i USA, der større verksemder tidleg utvikla omfattande identitetsprogram.
Seinare spreidde dei visuelle identitetane seg langt ut over det kommersielle området - og dei amerikanske landegrensene. Skilnaden på t.d. Coca Cola og Odda er stor.
Kommunar står ovanfor andre utfordringar, men rår også over andre ressursar enn dei kommersielle bedriftene. Likevel tek ein utgangspunkt i same metodar og verktøy når den visuelle identiteten skal utarbeidast og formidlast, noko som kan vera problematisk.
Samstundes er samfunnet i endring. Forbrukarane tek tilbake makta, og dei siste åra har me opplevd ein eksplosjon når det gjeld produktivitet og innovasjon. Mange er individualistar, som heller vil skilja seg ut, enn å vera ein del av eit fellesskap. Kva skjer med den kollektive stadsidentiteten i ei slik tid? Og korleis påverkar samfunnsendringane designaren si rolle?
I stipendprosjektet «Identitetsdesign for geografisk avgrensa område» er målet er å koma fram til nye måtar å finna og formidla visuell stadsidentitet på. Det er inngått samarbeid med kommunen Kvam i Hardanger, og ved hjelp frå innbyggjarane er tanken å samla ulike identitetselement i ein nettressurs, slik at brukarane sjølve kan henta ut og setja saman identitetsprodukt.
Brukarinvolvering: eldre frå Kvam senioruniversitet kjem med innspel til Kvam sin visuelle identitet.