Velkommen til Stipendprogrammet

Norsk versjon English version

Forside » Regjeringen foreslÃ¥r Ã¥ styrke Program for kunstnerisk utviklingsarbeid  

Regjeringen foreslår å styrke Program for kunstnerisk utviklingsarbeid

Utdrag fra Statsbudsjettet – Kap 281:

Rapport for 2010

Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid

Departementet tildelte om lag 32 mill. kroner i 2010 til tiltak innanfor kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid.

Program for kunstnerisk utviklingsarbeid omfattar to program, stipendprogrammet og prosjektprogram for kunstnarleg verksemd. Kunsthøgskolen i Bergen er operatør for programma. Stipendprogrammet er ein parallell til doktorgradsprogram og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis ved tilsetjing i universitets- og høgskolesystemet. I 2010 tildelte departementet om lag 19 mill. kroner til stipendiatstillingar, drift av programmet og støtte til produksjon. I samband med evalueringa av finansieringssystemet for universitet og høgskolar vart det vedteke at kunststipendiatar skal gi utteljing tilsvarande doktorgrader. Endringa vil gi budsjettverknad i 2012 for seks stipendiatar som fullførte programmet i 2010.

Ei sjølvevaluering av stipendprogrammet frå 2008 viser at arbeidet til stipendiatane held høg fagleg kvalitet. Dei som har fullført programmet, er jamt over tilsette i stillingar med høg fagleg relevans for den kunstnarlege profilen deira.

I 2010 vart det for første gang gitt ei tildeling til prosjektprogram for kunstnarleg verksemd, på 2 mill. kroner. Arbeidet med å administrere programmet er lagt til styret for program for kunstnarleg verksemd.

For å auke rekrutteringa og styrkje kvaliteten på utdanninga er det mellom anna tildelt midlar for å føre vidare talentutviklingsprogrammet i musikk ved Noregs musikkhøgskole, talentutviklingsprogrammet Unge Talenter ved Barratt Due musikkinstitutt og eit professorat i biletkunst ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Budsjettforslag for 2012

Kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid

Departementet foreslår å løyve om lag 32,3 mill. kroner i 2012 til tiltak innanfor kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid over kap. 281 post 01. Det omfattar 17,3 mill. kroner til stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid og ein auke frå 3 til 5 mill. kroner til drift av programmet. Ved ei overføring av 4 mill. kroner frå kap. 281 post 50 får prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid ein auke på 4 mill. kroner til totalt 6 mill. kroner i 2012.

Det ligg òg inne ei vidareføring av talentutviklingsprogrammet i musikk ved Noregs musikkhøgskole. Departementet foreslår å flytte midlane til talentutviklingsprogrammet ved Barratt Due musikkinstitutt til kap. 281 post 70.

Opprettet: 06.10.2011