Velkommen til Stipendprogrammet

Norsk versjon English version

Forside » Nyhetsarkiv » Morten Torgersrud med avsluttande utstilling  

Morten Torgersrud med avsluttande utstilling

Torgersrud - rad med parkerte biler

Photographing the Barents Region er det kunstnarlege resultatet av Morten Torgersrud sitt treårige stipendiatprosjekt ved Kunsthøgskolen i Bergen. Prosjektet undersøker fotografiet sitt forhold til landskap og rom, ved å legge vekt på fotografiske eigenskapar som repetisjon, reproduksjon og distribusjon.

Utstillinga opner kl 19 fredag 5. juni 2009.

Prosjektet forsøker å artikulere ei geografisk forståing av den fotografiske forma og viser korleis ein geografisk distribusjon av fotografisk materiale eksisterer gjennom fragmentering, forflytting og forskyving.

Ved å samanstille topografiske og teknologiske sider ved fotografiet nyttar Morten Torgersrud fotografiet som meir enn eit redskap for å avbilde motiv. Bildet er altså ikkje berre ei avbilding - det er ei avbilding som må forstås som geografisk distibuert i utgangspunktet. Slik sett kan man spørre seg: Kvar er fotografiet?

Utstillinga består av tre element:

  • Ein publikasjon som er trykt spesielt for denne utstillinga som inneheld ei mengde fotografi av bygningar og andre fysiske strukturar plassert i landskapet.
  • Ein lysbildeprojeksjon som fortel om ei reise som fotografen og revolusjonæren Ellisif Wessel gjorde hausten 1901.
  • Eit fotografi av Jorma Puranen fra De Samiske Samlinger (RiddoDuottar Museat) som Torgersrud no reinstallerer her i Bergen.

Tittelen på utstillinga viser til samtidige politisk-økonomisk konfigurasjonar av landskapet i det nordlege Europa. Dette området inkluderer dei nordlege delane av nasjonalstatane Sverige, Noreg, Finland og Russland. Transnasjonalt definerast området som Sápmi eller Barentsregionen. Desse motsigande landskapsforståingane må òg forstås i lys av korleis globaliseringa heng saman med det lokale. Mot denne bakgrunnen ser prosjektet på nye måtar å tenke og artikulere landskap og territorium på gjennom fotografi.

Morten Torgersrud er den andre stipendiaten fra KHiB som fullfører det treårige stipendiatprogrammet som er ein parallell til dei akademiske doktorgradsprogramma. Programmet blei oppretta i 2003. Utstillinga er finansiert av KHiB og Stipendprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid.

Den offentlege gjennomgangen av stipendiatprosjektet hans som svarer til PhD-programma sin disputas, finn stad 22. september 2009.

  • Utstillingsopning: fredag 5. juni kl. 19.
  • Utstillingsperiode: 6. juni - 21. juni 2009.
  • Opningstider: fredag, laurdag og søndag kl. 12-16.
  • Stad: KHiB sitt nye visningsrom Rom 8 i Vaskerelven 8, Bergen.

Les meir om Morten Torgersrud

Photographing the Barents Region

Morten Torgersrud

Morten Torgersrud er klar for å åpne sin utstilling i det nye visningsrommet "Rom 8", Vaskerelven 8 i Bergen. Foto: Peter Klasson

Opprettet: 02.06.2009
Sist redigert: 05.06.2009