Linda Lien: KVA(M) NO
Utstillinga «KVA(M) NO, eit prosjekt om stader, identitet og designarar» er det designfaglege resultatet av stipendiatprosjektet til Linda Lien ved Kunsthøgskolen i Bergen. Med utgangspunkt i bygda Ålvik og kommunen Kvam i Hardanger presenterer designar Linda Lien ein alternativ måte å visualisera stadsidentitet på. Utstillinga opnar på rom8 i Vaskerelven 8 i Bergen 3. desember 2010 kl. 19.
Design av identitetar for nasjonar, regionar, byar eller kommunar har vore eit heitt tema dei siste åra. Men kven har eigentleg rett til å definera identiteten til ein stad?
Lien har eksperimentert med ulike metodar for å involvera og engasjera innbyggarane i arbeidet med å finna og formidla identiteten. Blant anna etablerte ho saman med bygdefolket i Ålvik tre stilmessig ulike kafear, som på kvar sine måtar sette søkjelys på kvalitetar ved bygda. Kafeane fungerte også som tredimensjonale stemningskart i storformat. I tillegg har ho reist rundt med eit mobilt designkontor.
Innbyggjarane er dei viktigaste ambassadørane for ein stad, og dersom dei sjølv ikkje ser kvalitetar ved staden, kan det vera vanskeleg å få andre til å flytta dit.
Prosjektet har resultert i eit visuelt verktøy innbyggjane kan bruka for å verta meir bevisste og betre ambassadørar for heimstaden sin. Det er utvikla ei «design-di-eiga-nettside», der folk kan vera med-designarar i utviklinga av profileringsprodukt, og der dei kan stemma fram kva produkt dei ønskjer i produksjon.
Prosjektet stiller også spørsmål om det etiske knytt til identitetsdesign og designaren si definisjonsmakt.
Utstillinga viser prosessen, med vekt på brukarinvolvering, og resultatet i form av den alternative visuelle identiteten, presentert på ulike produkt og gjennom «design-din-eigen»-nettstaden.
Måndag 6. desember kl 13-15 inviterer Linda Lien til diskusjon om designarrolla i eit samfunn i endring og det etiske knytt til design av identitet, med utstillinga som ramme. Presentasjonen er ein del av seminarrekkja «Design i samanheng» som er open for alle. Stad: rom8, Vaskerelven 8.
Linda Lien har hovudfag i visuell kommunikasjon frå Kunsthøgskolen i Bergen, der temaet var identitetsdesign for såkalla omstillingskommunar. Lien har tidlegare vore tilsett og medeigar i GROM design, og ho har arbeidd fem år som journalist i lokalavis.
Les mer på www.visuellidentitet.no