Caroline Slotte med utstilling på Galleri s. e. i Bergen
Utstillinga "Going Blank Again" og publikasjonen ”Närmare/Closer” er dei kunstnarlege resultata av det treårige stipendiatprosjektet til Caroline Slotte ved Kunsthøgskolen i B ergen. Prosjektet undersøkjer keramiske kvardagsobjekt som forvaltarar av minne. Utstillinga opnar på Galleri s.e. i Bergen 16. oktober 2010.
Omforming av eksisterande gjenstandar står sentralt i Caroline Slotte sitt kunstnarlege verke. Ho omarbeider funne objekt, først og fremst brukte keramiske bruksgjenstandar, slik at dei får ny meining. Ho er opptatt av spenninga mellom det gjenkjennbare og det gåtefulle, det ordinære og det uventa. Caroline Slotte arbeider direkte i keramikken ved å skjære, skulptere, slipe ned eller føye til. Gjennom slike fysiske inngrep i materialet vert arbeidsprosessen ein måte å stille spørsmål på og peike på dei historiane som gjenstandane ber i seg.
- Poesien i dei kvardagslege tinga, med alle dei minna og historiane som desse gjenstandane ber på – det er utgangspunktet for stipendiatprosjektet mitt, seier Caroline Slotte. Ho har utforska temaet både praktisk i det kunstnarlege arbeidet sitt, og teoretisk gjennom arbeid med egne og andre sine tekstar.
Utstillingsopning: laurdag 16. oktober 2010 kl. 18-20.
Utstillingsperiode: 16. oktober – 21. november 2010
Opningstider: tirsdag – sundag kl. 12-16
Stad: Galleri s.e., Kalfarveien 76, Bergen